Bildekunstnaren Kaare Sunde målte figurativt fram til ca 1960. Etter dette har han målt abstrakt, vesentlig med utgangspunkt i nærbeskrivelsar av stein- og fjellformasjonar på Vestlandet. Måleria er utført i olje, nokre i ein blandingsteknikk av olje, akvarell og gouache. Har vart meir og meir abstrakt i formspråket, gjerne vart det utgangspunkt i naturmotiv. Han var også grafikar. Sunde var fødd i Stryn, men budde både i Oslo og i Utvik, og hadde samtidig ei hytte med atelier ved Mindresunde i Stryn. Vi veit at Sunde og Rolv Muri møttest her – og vi må tru dei opplevde samtaler som gav gjensidig inspirasjon. Han arbeidde også ei tid som teknisk konservator.
Utdanning: Sunde var ein av elevane til den nederlandske målaren Jaap Doyiwaard i Olden på 1930-40-talet. Utdanna ved Statens Kunst- og Håndverksskole, Oslo, 1946, og ved Bjarne Engebrets malerskole. Debut på Statens haustutstilling 1947. Representert fleire gonger på Vestlandsutstillinga sidan 1952, den nord-norske utstillinga frå 1963 og Østlandsutstillingen frå 1979. Sunde måla figurativt fram til 1960, og seinare abstrakte bilete med inspirasjon frå vestlandsk natur. Har hatt fleire separatutstillingar, og m.a. laga utsmykking på 70 kvm ved Hove Møbelfabrikk i Stordal på Sunnmøre.
Elev av Jacob Doyjward, Olden 1942–45
Statens Håndverks og Kunstindustriskole, Oslo under Per Krohg og Karl Høgberg 1945–46
Bjarne Engebrets malerskole 1 år
Separatutstillinger
Aalesunds Kunstforening, 1975
Gall. Alana, Oslo, 1978-1979
Gall. Landsforeningen Norske Malere, Oslo, 1980
Bamble Kunstforening, 1982
Stryn Kunstforening
Seljord Kunstforening
Kreditkassen Kunstforening
Den norske Creditbank Kunstforening
Bøndernes Bank Kunstforening
Storebrand-Idun Kunstforening
Kollektivutstillinger
Vestlandsutst., 1965-1969
Røa Sparebank, Oslo, 1981
Gall. Finsrud, Drøbak, 1981
Høstutstillingen, 1947-1948
Vestlandsutst., 1952-1954
Vestlandsutst., 1968-1970
Vestlandsutst., 1974
Vestlandsutst., 1978
Østlandsutst., 1979
Nord-norske kunstutst., 1963
Målerisamling I (scroll til sida)
INNKJØPT KUNST / GÅVER
Bergen Kunstforening (innkjøpt 1953)
Hove Møbelfabrikk i Stordal (utsmykking 1981)
Redd Barna (serigrafi etter orginalmåleriet “Gult innslag” gåve 1982)
Gloppen Kunstlag «Landskapmåleri» (innkjøpt 1998)
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter på Fosnes «Breheimen» (gåve 23.august 1999)
Mappa til Kaare Sunde i biblioteket på Nasjonalmuseet
Dessverre fann eg ikkje så mykje i mappa, men likevel spennande info om ei separatutstilling i Oslo 29.april – 18.mai i 1980. Her fann eg informasjon om titlar og diverse teknikkar som han brukte.
I jubileumsboka til Landsforeningen Norske Malere fann eg ein oversikt over utstillingar 1968-2018
Jubileumsboka til LNM 2018
Utsmykking i Stordal
Kaare Sunde målte ein veggdekorasjon, Hove Møbelfabrikk, Stordal (70 m2, 1981?, eller var det i 1974-1976?)
Hove Møbelfabrikk heiter i dag Vad Bygget. Meir info kjem. Er i god dialog med Leif Magne Vad om å få tak i fotografi av denne veggdekorasjonen. Spennande!
I 1998 tok Hjellegjerde over laminatmøbelprodusenten Hove Møbler i Stordal. Bedrifta skaffa seg med det kompetanse og kapasitet innafor eit nøkkelområde i moderne møbelproduksjon. Laminerte delar var etter kvart blitt ein viktig komponent i Hjellegjerde sin kvilestolfamilie, ein komponent som på positivt vis skilde konsernet sine kvilestolar ut frå gjennomsnittet i marknaden. Kjøpet av Hove gav også Hjellegjerde Møbler ei noko større produktbreidde. Hove Møbler var godt etablert innafor institusjonsmøbelmarkedet. Oppkjøp av Hove
Eg var ein tur innom Bergen Kunsthall. Fekk sjå jubileumsboka. Den er ikkje til sal lenger, men Thea som jobbar der henta fram eit eksemplar frå arkivet. Eg jobbar no vidare med å få tak i eit foto av måleriet Bergen Kunstforening kjøpte i 1953.
Målerisamling VII
45-års gåve frå “William”
Restaureringsanbud til Nasjonalgalleriet 23/10-1979